Dette skjedde i 2010

Folkemusikkscena har hatt mange fine konsertar. Sjå meir under "folkemusikkscena".

Leif Rygg fekk kongens fortenestemedalje i gull
Tysdag 14. desember blei spelemannen og kulturberaren Leif Rygg tildela Kongens Fortenestemedalje i Gull. Det var Voss Spelemannslag og Ole Bull Akademiet som sto bak tilskipinga på Ole Bull Akademiet.

Årsmøtet i Bergen i helga (19.-20.november) i "Landslaget" bestemte at namnet no skal vera FolkOrg. Maria Høgetveit Berg held fram som leiar, og styret elles vart som før. Det vart eit årsmøte med stort frammøte og gode diskusjonar. Audhild og Leif Rygg representerte laget vårt.

Storarta dugnadsfest i Sambygg laurdag 13. november. 140 dugnadsfolk møtte til " takkefest" etter Landskappleiken i sommar. Arne Johan kokte kjempegod graut, det var spikjemat på store fat, kaker og pølser -- og drikke nok til alle. Voss spelemannslag stod for programmet og litt av dansepelet. Galder var leigd dansemusikk, og folk let seg ikkje be to gonger. Mykje vellæte og god stemning.

Landskappleiken 2010 på Voss. Vellukka arrangement, med mykje dugnadsinnsats.

17.mai festen i Osasalen samla over 70 menneske. Stemninga var god og folk gav uttrykk for å ha hatt ein kjekk fest. Voss spelemannslag opna, Rannveig Djønne og unge toradarspelefolk heldt fram. Kari Bye hadde ein god tale og gamla-Marta på Bakka tok seg ein tur innom i lag med Kolbein Hausa. Så vart det dans, og somme ynskte å gløyma at det var arbeidsdag 18.mai. Alt i alt eit vellukka tiltak saman med Voss UL.