Dette skjedde i 2011

Folkemusikkscena har hatt mange fine konsertar. Sjå meir under "Folkemusikkscena"

Voss Spelemannslag feira 70-årsfest
Laget feira seg sjølv på laurdag 26. november med flott konsert, som viste breidda i laget, med utøvarar i alle aldrar og framføringar i spel, song og dans. Etterpå vart det middag og dans.

Landskappleiken 2011 i Seljord
Laget stiller i lagspel og soloklassar.

17. mai var det fest i Ungdomshallen i samarbeid med Voss UL. Eit vellukka arrangement med ca 70 som kom.

Konsert med Engegård kvartetten i Nain 14. mai. Voss spelemannslag stod som tilskipar og deltok også under konserten. Billettinntektene gjekk til Redd Barna. Ei flott gåve frå eit lag som rundar 70 år i år!