Familievårkonsert 22. mai

Det har vorten ein tradisjon at me to gonger i året har familiekonsert der unge (og nokon gamle) spelar, syng og dansar for kvarandre. Dette hadde me og i vår, der spelarar, kvedarar og hallingdansarar viste kva dei driv med. Dei unge gjer store framsteg og det er kjekt å fylgja dei. Me hadde og kaffi og dans, som seg hør og bør.