HELGESAMLING SKJERVHEIMÅRET 2015, 27. FEB - 1. MARS

I samband med Skjervheimåret 2015,  som skal markere at det er 100 år sidan spelemannen Lars Skjervheim vart fødd, skipa Voss Spelemannslag i februar til helgesamling på Voss, der slåttar av og etter Skjervheim var fokus. Dette var eit kurs som var mynta på unge vaksne/vaksne.

 

Instruktørar:

Leif Rygg, Håkon Høgemo, Einar Mjølsnes, Sigmund Eikås

Gjennom heile 2015 ynskjer initiativtakar Voss Spelemannslag å markere at det er 100 år sidan spelemannen Lars Skjervheim vart fødd. Han vaks opp i Myrkdalen på Vossestrand, og tok alt som smågut til å spela hardingfele. Læremeistrane til Lars vart fyrst og fremst brørne Sigurd og Nils Borge, dei hadde sin tradisjon direkte frå storspelemannen Sjur Helgeland (1858-1924). Lars Skjervheim søkte og utveksling med andre spelemenn som til dømes Gjermund Haugen, Signe Flatin frå Telemark. Lokalt vart det samver med Sigbjørn B Osa,  Sigurd Kvåle, Torleiv Gjernes, Anders Kjerland m.fl. Han vart etter kvart ein av dei mest profilerte spelemenn på Vestlandet. For sitt arbeid med norsk folkemusikk vart Lars Skjervheim heidra med Kongens Fortjenestemedalje i gull. Han var også æresmedlem i Voss Spelemannslag og Sogn Spelemannslag, og ikkje minst var han ein stor inspirator for unge spelemenn- og kvinner, og andre, som var og er glade i folkemusikken.