Minneord om Leif Rygg (1940-2018)

Ein epoke i Voss spelemannslag si historie er over. 4. februar fekk me den triste meldinga om at Leif Rygg hadde gått bort. Det er vanskeleg å sjå for seg ei framtid med Voss spelemannslag utan Leif. Han var i store deler av laget si historie eit aktivt lagsmedlem, og var engasjert i det meste som hadde med laget å gjera. Han var heidersmedlem i laget, og i mange år har han vore den mange forbind med Voss spelemannslag.

Leif var ein fantastisk spelemann, som rørte ved kjenslene til folk når han spelte. Måten han formidla slåttane på, den reine klare og varme tonen, gjorde at det kunne opplevast som magisk når han spelte. Han vann landskappleiken fem gonger og vart tildelt ei mengde prisar for spelet sitt, mellom anna Spellemannprisen i 1994. Dagen etter at laget feira 75-årsjubileum i november 2016, trollbatt han heile folkemusikknoreg med si framføring av «Budeiene på Vikafjell» i Den norske opera.

Leif var ikkje berre ein framifrå utøvar og kunstnar. Han var òg brennande oppteken av rekruttering og vidareføring av folkemusikkarven. Han var tilhengar av den gamle spelemannsskulen, der ein fekk eit personleg møte og ei historie saman med slåtten. Samtidig forstod han at unge i dag stundom treng meir for å halda oppe interessa, og han tok dei med på turar og konsertar, speling med open felekasse på Vangen, eller inviterte til speløving med pizza heime hjå seg og Audhild.  

Leif hadde ei enorm slåttekunne, og øvde nesten kvar dag. På speløving med dei vaksne, kunne me alltid gå til han om me ville læra ein ny slått. Samtidig kunne han fortelja om bakgrunnen og ulike former av slåtten. Han hadde òg tips og meiningar om korleis ein slått skulle framførast, om ein skulle ta seg litt betre tid somme stader, eller syta for at slåtten fekk litt meir snert.

Og så har me organisatoren, Leif. Leif var formann i spelemannslaget i fleire epokar, og var i tillegg kappleiksgeneral for Landskappleiken på Voss både i 1991 og 2000. Leif hadde mange verv, og det som gjekk att, var hans glødande engasjement. Han hadde stadig nye prosjekt på gang. Om me syntest noko var for vidløftig, og spurte han om korleis me i alle dagar skulle få til dette, svara han berre «Å-jodå, detta går fint», og så gjekk det slik han hadde tenkt. Kvar han fekk energien frå var ofte vanskeleg for oss som er litt yngre å fatta.

Til slutt vil me trekkja fram Leif sitt engasjement for menneska rundt seg.
Han var inkluderande og omsorgsfull, og brydde seg ikkje om ting som alder og bakgrunn. På denne måten fekk han vener i alle aldrar og frå mange ulike miljø.

I gravferda hans spela laget tonestykket Maiblomen som Leif sjølv har laga, med ein av sine eigne læremeistrar, Sigbjørn Bernhoft Osa, i tankane. Sigbjørn og Leif vart båe fødd 3. mai, med nøyaktig 30 års mellomrom. Me har no mista vår læremeister og ven, men Leif var òg ein stor inspirator som kjem til å halda fram med inspirera små og store i laget i framtida. Takk for alt!

Våre tankar går til Audhild, Steinar og Tone med familiar.  

Me lyser fred over Leif Rygg sitt minne.

Voss spelemannslag
- ved leiar Ragnhild Blikberg