Tre nye heidersmedlemar på årsmøtet!

heidersmedlemer

Styret ynskte på årsmøtet 3. februar 2017 å utnemna tre personar til heidersmedlemer. Dei har alle tre profilert dans på strålande vis gjennom mange år både som utøvarar og instruktørar, og som aktive på organisasjonsnivå: 

Håkon Dregelid har gjort mykje for både lokal og nasjonal dans over mange år, både som utøvar og instruktør. Han har i ei årrekkje delteke på kappleikar med vossaspringar og rudl, og har oppnådd å vinna Landskappleiken heile sju gonger! Som utøvar på høgt nivå er han og ein ettertrakta instruktør og rådgjevar for yngre dansarar. Håkon har også vore med i styret for laget og var i ein periode formann i laget. Håkon er framleis aktiv som utøvar på toppnivå.   

Knut Blikberg har oppigjennom åra profilert dansen og den nasjonale kulturarva gjennom utallege turistframsyningar og fjernsynsopptak. Han har også delteke på kappleikar i ei årrekkje, både i halling og saman med Anna Torhild i pardans, i tillegg til å ha vore brukt som dommar under Landskappleiken. Han har vore med i styret i laget, og saman med Anna Torhild dreiv han ungdomsringen Sokkaleisten. I seinare tid er Knut på nytt aktiv i laget, og har ein stor del av æra for at me no har ein flokk unge dansarar som utviklar seg som lausdansarar.

Anna Torhild Blikberg har på mange vis gjort mykje for dansen. Ho har vore aktiv med turistframsyningar og delteke saman Knut i A-klassa på mange kappleikar. Saman med han var ho og aktiv i rekrutteringssamanheng med arbeidet med Sokkaleisten. Anna Torhild har også bidrege på organisasjonssida, mellom anna som leiar i tevlingsnemnda under to landskappleikar på Voss, og som styremedlem anna som medlem av styret i Hordaland folkemuskklag og Landslaget for spelemenn.