Tur til Malung i Sverige

Helga 25. - 28. mai drog over tredve av laget sine medlemer i buss til venene våre i Malung.
utanfor kyrkja
Me har tidlegare hatt kulturutveksling med Malung spelemannslag fleire gonger, og denne gongen var det vår tur til å besøka dei. Me møtte opp på Holbergsplass fredag morgon, og så bar det austover i buss. Turen tok elleve timar, men stemninga var fin heile vegen, og me vart teke godt imot med felespel og smørgåstårta på Malung Folkhögskola då me kom fram. 
 
Laurdag føremiddag hadde me nokre timar på eige hand, og dei fleste tok seg ein rusletur i Malungs gater, kor m.a. skinnbutikkane vart sjekka ut. Etter dette vart me teke med til Kvernsteinsbrotet i Malung, der me vart overraska med lurspeling og kveding inne i skogen. Deretter vart det ein god lunch og uformell speling, før dei som ville fekk vera med på ein guida tur for å sjå nærare på kvernsteinsbrotet. Me andre kosa oss i sola. :-) 
 
Om kvelden vart me invitert på middag av ordføraren i Malung, og me overrakte ei helsing frå Voss kommune og ordførar Ringkjøb. Deretter utveksla spelemannslaga gåver før me samlast ute for utveksling av slåttar. Etter kvart trakk me inn og fortsette kvelden med meir speling og dans. God stemning!
 
Sundag vart den store øvedagen, og dagen vart avslutta med konsert i Malung kyrkje saman med Malung spelemannslag. Det vart ein fin og variert konsert som me kjem til å hugsa lenge. Om kvelden sa me "Takk for oss" og "på gjensyn", for me vil gjerne invitera Malung spelemannslag på gjenvisitt om ikkje for lenge.
 
Takk for laget til alle som var med!