Vossingar til topps på Landskappleiken på Fagernes

Ami og Håkon Dregelid gjekk for tredje år på rad til topps i A klassa for dans hardingfele med vossarull og 101p. Med vossaspringaren kom dei på ein flott 4. plass. Gratulera så mykje til Ami og Håkon. Her er kva avisa "Hordaland" har skrive om dansarane.
 
I spel hardinfele klasse B fekk Arne Anderdal 118p og sitt andre napp for opprykk til A-klassa. Gratulera!
 
I lagspel vart det ein 10. plass og i lagdans 14. plass. Andre som deltok var Astrid Sudmann og Knut Fausko i dans hardingfele klasse B.
 
Det vert ellers rapportert om god stemning og vossingar som koste seg på kappleik.